Trua på det klare språket

Kva er klart språk? Lat oss først sjå på korleis Klarspråk definerer klarspråk: «Med klarspråk meiner vi korrekt, klårt og brukartilpassa språk i tekstar frå det offentlege». Korrekt og brukartilpassa språk vil vi gjerne ha, men kva er eigentleg klart språk? Adjektivet klart brukt om språk er rett og slett ein metafor vi er så vane med å bruke at vi ikkje tenkjer over at det er ein metafor. Det som er klart, har med synet å gjere. Når noko blir framstilt klart, kan vi sjå det for oss. Og dette kan vi greie med hjelp av språket. Spørsmålet er om vi kan det. Og er det så sikkert at vi kan kommunisere godt om berre språket er klart nok? Den amerikanske medie-og kommunikasjonsforskaren Durham Peters vil svare nei på desse spørsmåla. I boka Speaking into the Air. A History of the Idea of Communication frå 1999 peikar han på to dominerande tenkjemåtar om kommunikasjon i det tjuande århundret, altså 1900-talet. Den eine er teknisk orientert og har røtene sine i informasjonsteori der bodskapar kan overførast friksjonsfritt frå sendar til mottakar om berre signala er tydelege nok. I dag er dei fleste einige om at ein slik teori ikkje høver til å gjere greie for kommunikasjon mellom menneske, og at tekniske signal er noko heilt anna enn menneskespråk. Den andre tenkjemåten er kanskje vanskelegare både å oppdage og ta avstand frå. Den er meir terapeutisk retta og ser på kommunikasjon som medisin og sjukdom. Er det for mange substantiveringar i ein tekst, lid han av substantivsjuka. Og medisinen er å bruke verb i staden for substantiv. Då blir teksten frisk og kommunikasjon god, trur vi. Innan begge tenkjemåtane finn vi ei tru på at om ein berre uttrykkjer seg klart nok, så vil dei fleste kommunikative problem kunne løysast, også når staten talar til borgarane i klarspråk.

Sjølv har eg arbeidd mykje med språk i lærebøker, både som forfattar og som forskar. Eg ser at mykje kan gjerast for å få tekstane meir ryddige og presise og mindre ordrike. Men det som verkeleg gjer tekstane klare, er dei gode eksempla og metaforane, desse verkemidla som gjer tekstane konkrete, dialogiske og til å gripe med tanken. Slike tekstar kan vi av og til finne i lærebøker i skolen, og kanskje også i andre tekstar staten er ansvarleg for. Men mange gongar er staten dømt til å tale generelt framfor spesielt, abstrakt framfor konkret og monologisk i staden for dialogisk, for alle veit at makta rår, også om teksten er til å forstå. Slik kan det også vere med fagtekstar og lærebøker. Sjølv om dei er aldri så gode og klare, trengst det ofte ein mellommann, ein lærar, for å forklare når bøkene møter folket i klasserommet. På same måten er det med språket i statens tekstar. Her treng vi moderne øvsteprestar (som juristar eller rekneskapskyndige) til å tolke det som står i skjema, rettleiingar og retningslinjer. Same kor såkalla klart vi uttrykkjer oss, blir språket aldri klart nok til å bere fram ei meining uhindra frå sendar til mottakar. Meininga må forhandlast fram gjennom samtalar og forhandlingar partane imellom, og det kan vere ein tidkrevjande prosess. Og korleis skal vi få til det når staten blir meir og meir utilgjengeleg på telefon og e-post? Sjølv syng eg på det aller siste verset på eit lån i Statens lånekasse for studerande ungdom. Her om dagen prøvde eg å få tak i ein saksbehandlar på telefon og fann ut at det var svært lang ventetid. Det gjekk ikkje an å ringje med Skype, som ville ha vore den billigaste løysinga. Så fekk eg heller sende e-post, og for å få til det, trengde eg pinkodane mine, og kvar var no dei igjen? Det tok ein halv dag å få sendt den e-posten. Det skal ikkje vere lett, nei. Kan det vere slik at staten trur at om berre språket er klart nok, treng ein ikkje lenger vere lett tilgjengeleg? Alt ligg jo der på nettsida, med frekvente spørsmål og svar. Men tenk om ditt spørsmål ikkje er stilt før? Det er grunn til å tru at dei tekniske og terapeutiske ideane om kommunikasjon frå forrige århundre lever vidare i nye former. Dersom vi verkeleg ønskjer å kommunisere godt, er det nok ikkje berre språket og teksten som må undersøkast, men også konteksten og dei store samanhengane som utgjer vilkåra for kommunikasjon i vår tid.

Norunn Askeland er frå Davik i Nordfjord og bur i Tønsberg. Ho har mellom anna vore lærar, forlagsredaktør, lærebokforfattar og har skrive doktoravhandling om metaforar om kommunikasjon. Ho arbeider no som førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Vestfold, Avdeling for lærarutdanning og har fagleg ansvar for masterstudiet i faglitterær skriving.