Når språket kan utgjera skilnaden mellom liv og død

Politirolla er ekstremt vanskeleg å utøva. Ein skal løysa alle kritiske og farlege situasjonar i samfunnet med minst mogleg makt, men har lov å nytta så mykje makt ein må for å løysa oppdraget. Ein må sjølvsagt ta omsyn både til den som utøvar den kriminelle handlinga, og ikkje minst til dei ein skal beskytta mot kriminalitet.

Noreg har, som eit av svært få land i verda, eit politi som ikkje går med våpen som ein del av uniforma si. Dette er svært uvanleg, både Sverige og Danmark har hatt eit væpna politi sidan 60-talet. Eg er svært stolt og glad over at Noreg framleis kan ha eit politi som ikkje går med våpen i det daglege arbeidet.

I politiutdanninga trenar ein på at det er via kommunikasjon ein skal løysa alle vanskelege oppdrag. Det er ein krevjande strategi.

Å kommunisera med personar i ulike livssituasjonar, personar som ofte er sterkt påverka av ulike rusmiddel, er krevjande. Men det kan også vera ein situasjon med masseslagsmål ute i gata, det kan vera store demonstrasjonar som utviklar seg til ulovlege handlingar, sjølvmordskandidatar eller til dømes ein ransmann med våpen som har teke gissel.
Alt dette er døme på ekstreme situasjonar som skal løysast via språket og god kommunikasjon.

Dersom politiet mislukkast i sin ”kommunikasjonsstrategi”, vil det ofte føra til at ein må ”nytta nødvendig maktmiddel”. I verste fall kan det bety at ein må nytta våpen for å stoppa ein farleg person. Då er marginane små. Det kan enda med eit katastrofalt resultat.
Dette syner betydinga av språket og kommunikasjon. Og ikkje minst syner det skilnaden på ein vellukka kommunikasjon, der ein når fram via språket, og alvoret når ein må byta ut kommunikasjon/språket med maktmiddel.

Personleg hadde eg min største ”kommunikasjonsutfordring” då eg som ung nyutdanna politimann tidleg på 80-talet stod ansikt til ansikt med ein person som sikta på meg med eit AG-3-gevær.

Eg måtte kontinuerleg nytta språket og samtale med gjerningsmannen i 30 minuttar for å få han til å legga ned våpenet. Val av ord og strategi kunne få alvorlege konsekvensar.
Når ein opplever at gjerningsmannen etter 30 minuttar gjer som ein vil, set ned våpenet og går frivillig inn i politibilen, føler ein at kommunikasjonen har vore vellukka.

Samtale, debatt og kommunikasjon er alltid spennande. Men for einskilde situasjonar har det større betydning at ein lukkast.

Difor er det svært viktig at ein i all politiutdanning legg stor vekt på kommunikasjon og evnen til å løysa konfliktar og oppdrag via språket/kommunikasjon i staden for å bruka makt.

Men sjølvsagt ligg det i politirolla at ein av og til ikkje løyser oppdraget med kommunikasjon, men det må alltid vera strategi nr 1.

Arne Johannessen er forbundsleiar i Politiets Fellesforbund og har permisjon frå stillinga som lensmann i Sogndal.