Klar tale frå universitetet

Som alt her i verda, er ikkje universitetet kva det ein gong var. På mange emne vert det sett strenge oppmøtekrav til studentane, utan at det treng å samsvara med utbytet av å vera til stades. Det luktar skule av slikt. Samstundes har universitetet mindre pengar å nytta på studentane. Det fører til at dei ikkje kan ta seg råd til å retta like mange oppgåver som før. Den geniale løysinga er å passa på at so mange studentar som mogleg får med seg det knappe undervisningstilbodet som finst, anten dei får noko ut av det, eller ikkje. So kan det vera det same med skrivetrening og attendemelding.

Eg har nytta ganske mykje obligatorisk oppmøte på å gå gjennom gruppeoppgåver i cellebiologi. Tanken om å organisera kollokviegrupper var velmeinande, får me vona. Problemet var at me ikkje forsto kva me skulle gjera desse timane, og gruppelæraren vår hadde heller ikkje noko godt svar. Kvar veke fekk me ein ny oppgåve av denne typen:

«Jeg traff tanta mi her om dagen, og hun ble helt skrekkslagen da jeg fortalte henne at jeg jobbet med gener, sier Tage til Paul. ’Det er helt forferdelig at dere tukler med skaperverket’, sa hun. For lissom å berolige henne sa jeg til henne at i naturen blir gener flyttet rundt på hele tiden. Men det skulle jeg jo aldri ha sagt! Da mente hun det måtte være fryktelig farlig for meg å jobbe med ’genmanipulering’ av bakterier og planter. ’Tenk hvis farlige gener spres mellom bakteriene, eller fra plantene dine?’ Jeg fikk litt av en skjennepreken: ’Massevis av sykdomsbakterier og sikker mennesker også er blitt motstandsdyktige mot antibiotika, og det pga. sånne genmanipulatorer som deg! Får bare håpe ikke du blir infisert av å være på Blindern!’»

Etter å ha konkludert med at dette ikkje er eit spørsmål, men ein heller pinleg tekst som ikkje gjev meining, var det lite att å gjera. Resten av tida gjekk med til å skravla, eta, kanskje lesa litt pensum, og so tyna tida då læraren skulle sitja ned med oss og høyra kva me var komne fram til. Eg har sjeldan sakna klart språk so mykje som i desse timane.

Krava til oppmøte på mange emne fører òg med seg fråvere, og problem knytt til det. Det er som regel slik at ein kan vera vekke to gonger i semesteret, eller ha oppmøte tre av fem gonger, alt etter som. Skulle ein bomma på kravet, vert ein i teorien kasta ut av emnet. I praksis går det stort sett greitt. Særleg på dei emna som aldri har nok søkjarar.

Eg gjorde ein slik bom no i haust då eg skulle få godkjend eit særemne, dei vil seia eit kort kurs, i historie. Ung og naiv las eg «det er obligatorisk oppmøte tre av fem ganger på særemnet», og tenkte det tydde at det var obligatorisk oppmøte tre av fem gongar på særemnet. Eg reiste dermed vekk i god tru for å vera med på eit styremøte. Då eg ei veke seinare møtte opp på seminar nummer to, fekk eg høyra at det fyrste seminaret var obligatorisk, og at eg no truleg vart stroken frå emnelistene.

Når slikt plagsamt skjer, er det berre å kontakta studieadministrasjonen. Og som ein spør, får ein i alle fall ikkje klart svar:

«Det stemmer at det er obligatoriske oppmøtekrav første og andre gang, samt en valgfri. Ettersom dette emnet har ytterligere obligatoriske oppmøtekrav får du likevel dispensasjon fra oppmøte første undervisningsgang».

Eg forstår rett nok at eg får fortsetja på emnet mitt, men eg aner ikkje kvifor.

Maria Svendsen er leiar i Norsk Målungdom og styremedlem i Noregs Mållag. Ho er deltidsstudent på lektorprogrammet ved Universitetet i Oslo med faga biologi og historie.