Fokus i forhold til språk

Ja, med den overskrifta har du vel alt skjøna kvar dette ber?
På slutten av 90-talet hadde eg i oppdrag å språkvaska eit politisk program. Det var ein lang og dryg tekst om kva avsendaren ville setja i verk. Nokså tidleg i teksten la eg merke til at det skulle setjast ”fokus” på alt mogleg. Det var ”stort fokus”, ”breitt fokus” og eg veit ikkje kva. Først vart eg, som stundom er ein ivrig fotograf, irritert over alt dette fokuset. Og aldri var det ”skarpt fokus”, slik det ville høva seg for ein fotograf. Vel, eg skreid til verket og slo på søkjefunksjonen i programmet, fann 22 førekomstar av ”fokus”. Éin stad fekk det stå att, i resten av tilfella fann eg andre formuleringar. Det var ein fryd å leita i mangfaldet av moglege ord og uttrykksmåtar. Vi kan jo setja søkjelys på, via særskild merksemd, leggja vekt på, prioritera (tenk det, du!), setja øvst og så bortetter.

Sidan 90-talet har mange teke tak i bruken av ordet fokus. Vi har vore irriterte, vittige, kåsert, kva du vil. Utan resultat.

I den seinare tida har nok mange lagt merke til at eit anna språkleg ”virus” breier om seg. Bruken av ”i forhold til” vil mest ingen ende ta. Dette er ei formulering som høver til samanlikning, men no framstår det frå mange munnar som språkleg overflødig søl som ikkje betyr noko som helst. Alt mogleg er ”i forhold til”, det vert nytta framfor alle ledd i opprekning osb. Kvar kjem dette frå? Ikkje veit eg, berre at det irriterer. Det kan vera tale om ei nyhendesending, eit magasinprogram på radio eller liknande. Av og til lagar eg ein liten ordbingo når eg lyttar til Dagsnytt 18. Det tek ikkje lang tid å få bingo på slike formuleringar som ”i forhold til”. Det er mest så eg tek til å sakna ”synergieffekt”…

Set du tann for tunge når du er i ferd med å sleppa ut f-ord som ikkje er rekna for å vera pent språk? Prøv kvar gong desse to held på å spretta ut mellom framtenner og underleppe òg. Eller slettetasten når du skriv…

Har dette noko med klarspråkstematikk å gjera? Det er mogleg det ikkje gjer tekstar, munnlege som skriftlege, særleg vanskeleg tilgjengelege. Likevel gjer det språkhandlinga uklar. Ikkje minst bryt det med ein viktig føresetnad for effektiv kommunikasjon, at lesaren eller lyttaren ikkje skal kjeda seg. Tomheiter og klisjear skaper irritasjon og friksjon for mottakaren.

Norsk språkkultur har ein stor føremon i at vi har to målformer, nynorsk og bokmål. Dette er ein ressurs som er nyttig når ein skal leita etter mangfald i seiemåte og ordtilfang. Eg opplever ofte at bokmålsbrukarar peikar på at dei har likt eit ord eller ei formulering eg har nytta. Dei seier då i same slengen at ”det er så fint på nynorsk” eller ”på dialekt”. Men når ein så ser etter i bokmålsordboka, kan dei same orda nyttast òg i bokmål. Det må bety at vi over tid har snevra inn språkbruksvariasjonen for bokmålet.

Eg finn stor glede i å pendla fram og tilbake mellom målformene, mangfaldet i språket og ulike sjangrar og tradisjonar. Nokre gode nyord kan òg bli til under marsjen. Det dreiar seg då ikkje om å stri med bøyingsformer, men om glede over dei språklege ressursane.

I år er det 125 år sidan Stortinget gjorde det såkalla jamstellingsvedtaket, som førte til at landsmål, seinare nynorsk, vart eit offisielt skriftspråk i Noreg. Tenkte eg skulle feira litt med å byda folk til å leita opp meir av mangfaldet i den norske ordskatten, eg. For eit variert og klisjéfattig språk er ikkje den låkaste nista vi byr dei vi deler tankane våre med.

Berit Rekve er leiar for Mediemållaget og Dei nynorske mediedagane. Til dagleg er ho tilsett som informasjonsrådgjevar i Studieforbundet Folkeuniversitetet. Ho har bloggenMed hatten på rette staden og kan følgjast på Twitter.

3 tanker om “Fokus i forhold til språk

  1. Lesarkommentar

    Dette var god lesning – det blir etter hvert sjeldnere og sjeldnere man treffer likesinnede, siden fler og fler suges ned i avløpet og ter seg forhold til omgivelsene med dertil svekket fokus på ordenes opprinnelse…

    1. dagfiand@gmail.com

      Du mente vel «… med dertil svekket fokus i forhold til ordenes opprinnelse…»

  2. Berit Rekve

    Ser at alle artiklane er lagt inn att på nytt 14. april i år. Denne er skriven i 2010. Jamstellingslova er med andre ord 126 år i år.

Det er stengt for kommentarer.