Forfatterarkiv: Anne Gro Fredheim

Gode fagkunnskapar aleine er ikkje nok

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 120 tilsette. I fjor gjorde vi 20 nytilsetjingar. Dei nye kollegaene våre vart utvalde etter å ha søkt elektronisk på dei ledige stillingane, dei har vore på intervju hjå oss og vi har faktisk ringt til ganske mange referansar. Ja, og så har vi sjølvsagt gått vitnemåla nøye etter i saumane, for fagkunnskapane må vere i orden.

Fylkesmannen har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal arbeide for at nasjonale vedtak mål og retningsliner blir følgde opp. Vi utfører oppgåvene våre gjennom saksbehandling, rettleiing, tilsyn og utviklingsarbeid. Tastaturet – og språket – er utan tvil den viktigaste arbeidsreiskapen vår. Breva, vedtaka og rapportane vi sender frå oss, kan ha stor innverknad på kvardagen til verksemder, kommunar og ikkje minst enkeltmenneske. Difor er det også så utruleg viktig at vi når fram med bodskapen vår.

Nytilsette medarbeidarar får informasjon om hjelpemiddel som kan gjere språket betre, dei får utdelt eit hefte med språktips som vi har laga sjølve, og dei får innføring i korleis vi ønskjer at sakene våre skal skrivast. I løpet av ein toårsperiode skal alle nytilsette ha fått tilbod om eit kortare norskkurs. I fjor sende vi dessutan 12 tilsette på skulebenken for å gjennomføre høgskulekurset Ta pulsen på språket. Det kosta oss mykje, både i kurspengar og arbeidstid, men satsinga gav oss fleire gode språkrøktarar som spreier gode tips blant kollegaene sine.

Mange av våre tilsette skriv svært godt når dei tek til hjå oss, og meistrar både nynorsk og bokmål leikande lett anten sjangeren er tilsynsrapportar eller nettartiklar. Andre må jobbe ein del med språket sitt, og treng rettleiing over lang tid. I tilsetjingsprosessen er det ikkje alltid lett å vurdere kven som er best til å ordleggje seg klårt og tydeleg. Her må truleg elektroniske søknadsmodular ta sin del av skulda. Medan vi før kunne danne oss eit heilskapsinntrykk ved å lese søknaden, skal jobbsøkjarar i dag fylle informasjonen inn i førehandsdefinerte felt i eit elektronisk søknadsskjema. Den vesle tekstboksen der søkjaren kan skrive kort om seg sjølv, fortel svært lite om kor god eller dårleg vedkommande er til å ordleggje seg.

For eit års tid sidan bestemte vi oss for å prøve språktesting av jobbsøkjarar. Frå nokre spede forsøk har språktestinga no blitt ein fast del av intervjuet. Etter sjølve intervjuet får jobbsøkjaren tilgang til pc, og vedkommande får bruke 20-30 minuttar på ei oppgåve som testar evna til å sortere informasjon og evna til å skrive kortfatta, enkelt og klårt.

Erfaringane våre er at språktestane syner kven som skriv greitt, og dei avslører kven som ikkje gjer det. Slik sett har vi fått luka ut kandidatar som ikkje er aktuelle, men vi ser at det er vanskeleg å rangere kandidatane ut frå skriveoppgåva. På den andre sida så er bestått/ikkje bestått truleg ei god nok vurdering når det gjeld skriveferdigheitene sidan det alltid vil vere summen av kompetanse og eigenskapar som tel mest når vi skal vurdere kandidatane opp mot kvarandre.

Anne Gro Fredheim er informasjonsrådgjevar og språkrøktar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.