Forfatterarkiv: Arne Hjeltnes

Språk – over alle grenser

Nasjonalfilosofen Arne Næss sa ein gong at kinesisk er ikkje verdas største språk. Det mest utbreidde språket i verda er bad English.
Og det er det språket me nordmenn har satsa på.

Språk er nykelen til å skjøna kvarandre og porten til å læra meir om andre kulturar og menneske. Likevel har me fått det for oss her heime at det ikkje skal vera to obligatoriske framandspråk i ungdomsskulen. Det er trist.

I min tidlegare jobb som lakseseljar var eg ofte på salskontoret vårt for Europa, som ligg i Brugge i Belgia. Det som imponerte meg, var språkkunnskapane til belgiarane. Heilt vanlege folk der nede kunne ikkje berre flamsk, fransk og tysk, som er dei offisielle språka i Belgia, men dei kunne gjerne spansk og italiensk og. I tillegg til engelsk, sjølvsagt.

Tre–fire framandspråk er ikkje noka sak for ein vanleg europeisk borgar.
Medan me her heime altså meiner det vert altfor mykje med to.
Mange snakkar engelsk ute i verda, men kontakten vert ein heilt annan, viss du kan slå av nokre gloser på fransk til ein franskmann eller på spansk til ein spanjol. Litt kinesisk trur eg òg kan vera lurt å kunne for dei unge i dag.

Du treng ikkje vera flytande i alle språk du brukar, for å merka god kjemi.
Eg synes ofte det held med eit par frasar. Det viser at du er interessert i landet og folket du vitjar, at du har førebudd deg litt, og viser respekt for dei du treffer, i staden for at begge stotrar seg fram og leitar etter ord på engelsk.
I Noreg har me tid og ressursar til å verta verkeleg gode i språk. Det kan gje oss eit fortrinn i handel, skapa endå betre relasjonar med andre land og opna dørene for studentar, forskarar og andre som vil reisa ut i verda.

Ein slik sjanse til å erobra verda, bør me ikkje nekta ungane våre.
Det er lett å læra språk når du er ung.
Små sneipar har ikkje noko problem med å handtera tre–fire språk, så og seia på ein gong.
Då eg budde ute i verda, møtte eg stadig kulturelt samansette familiar, der far kanskje var fransk, mor nederlandsk og ungane gjekk på engelsk skule, der dei òg lærde mandarin.
Dette trur eg våre oppvakte småtassar kan takla òg.
Spørsmålet er ikkje om me skal ha to obligatoriske framandspråk i ungdomsskulen, men om me skal ha tre eller fire! Berre bad English vert for spedt for ein framgangsrik nasjon som vår.

Sjølv må eg innrømma at eg føler meg litt flau viss eg reiser rundt på landsbygda i Frankrike og ikkje skjønar noko særleg av det dei seier. Eg føler ikkje at eg får den same gode dialogen med ein gamal vinbonde viss eg må tvinga han til motvillig å pressa fram nokre engelske gloser.

Me vaksne bør òg skjerpa oss. Det er berre å ta seg eit kurs.
Det er sjeldan bortkasta.
Men viss du mislikar tanken på å setta deg på skulebenken, skal du få eit lite røvartips frå meg:
Lær deg nokre få setningar på så mange språk som mogeleg.
Det vil i alle fall hjelpa deg litt på veg.
Kanskje framkallar det ein latter eller to hjå dei du møter, men det vil garantert ikkje skada.
Er du på italiensk restaurant, kan du t.d. seia ”Posso pagare con della banane?”, som betyr ”Kan eg betala med bananer?”. Mi erfaring er at om lag halvparten av italienske kelnerar ler og smiler.

I Kina kan du seia ”Tjisin kweilo” og peika på deg sjølv.
Det betyr ”gal, kvit mann”. Då ler dei fælt, og kontakten er oppretta.
Eg kan berre ein setning på ungarsk, men den brukar eg så ofte eg kan, sjølv om det ikkje akkurat er dagleg at eg møter ungararar.
”Hovann nagj mokus.” betyr rett og slett ”Det var jammen eit stor ekorn.”.
Slikt kan sprita opp ei elles trykka stemning.

Det er berre å hiva deg over lommeparlørane og øva før du skal ut på tur.
Der står alle desse nyttige setningane.

Viss du synes det er litt vågalt å seia ”El volante vibra!”, som betyr ”Rattet vibrerer!”, til ein spansk taxisjåfør, så kan du byrja med å læra deg spansk for hallotakkfint værja ognei.

Eg synes i alle fall det vert litt stusseleg viss me nordmenn berre snakkar bad English.

Og skulle du hamna i Laos, så kan du berre seia ”Bon bang fai” til alle du møter, og dei vil smila og le til deg. Det betyr nemleg ”rakettfestival” – og det er det kjekkaste dei veit. Hasta la vista!

Arne Hjeltnes har gjeve ut ei rekkje bøker og er kjend frå fleire TV-program. Han har jobba som representant for Eksportutvalget for fisk i Hong Kong, som reiselivsutsending for Innovasjon Noreg i New York og som kommunikasjonsdirektør i Marine Harvest. Han er no konsernsjef for det skandinaviske digitale kommunikasjonsselskapet Creuna