Forfatterarkiv: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Kva las du no?

Språk er makt. Offentlege dokument og brev grip inn i kvardagen til det norske folk. Kva skjer når mottakaren ikkje forstår?

Det sat ein gong ei kvinne og gret fordi ho hadde fått brev frå ein offentleg etat. Kvinna sat på ein benk utanfor huset der eg budde,  eg sette meg ned for å hjelpe henne.  Høgskuleeksamen i nordisk språk til trass, eg hadde vanskar med å forstå innhaldet.

Ein kan nærast sjå filosofisk på det:

Er det brevskrivaren eller lesaren sitt ansvar, når bodskapen ikkje vert forstått?

Ein kan stundom lure på om visse offentlege brev og dokument er skrive for å kamuflere ein bodskap.  Framande ord og vendingar, saman med lange setningar hemmar forståinga. Mange må lese brevet fleire gongar, og spørje andre om korleis dei forstår brevet eller vedtaket.  Dersom språket i statsforvaltninga vert så tungt og uforståeleg, kan det  dårlege språket skape eit demokratisk problem.

Kor mykje veit du som avsendar om mottakaren si språkforståing og også kompetanse på emnet du skriv om?

I fjerde klasse på barneskulen hadde vi eit fag som heitte ”Kva las du no?”. Føremålet med dette faget var å attfortelje med eigne ord ein tekst du hadde lese. Eg foreslår at ”Kva las du no?” vert henta ut frå støvete hyller og innført som obligatorisk kurs for alle offentlege tenestefolk.

Det er lett å mislike grammatiske feil. Dei lyser raudt mot lesaren og er støy på skjerm og papir. Men godt språk og grammatisk korrekt språk er ikkje synonymt.  Eg fryktar at innføring av retteprogram kan ha gjort språket ei bjørneteneste. Ein kan tenkje seg at teksten passerer ein sakshandsamar som god nok, fordi den ikkje har reine stavefeil. Men den bølgjete lina under orda seier ingenting om godt språk. Om setningane er gode. Om bodskapen er klar.

Her er eit konkret døme:

Tilråding frå Formannskapet – 16.02.2009 til kommunestyret:
”Gebyrregulativ for tenester heimla i plan- og bygningslova § 109, delingslova (§5-2) og lov om eigarseksjonar (§7) vert auka med 10,35 %.

Auken er gjort med grunnlag i tal frå ”Rapport frå det tekniske beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi”, og vert tilrådd og gjort gjeldande frå 15.3.2009.”

Dette vedtaket er ikkje spesielt for denne kommunen.  Mange kommunale vedtak krev at borgarane brukar tid og ressursar til å skaffe seg meir informasjon, bakgrunnsmateriell og slår opp i lovverket. Ein kan sjølvsagt meine at ein må krevje såpass av borgarane. Men når ein veit at dei færraste innbyggjarane brukar tida si til slikt, er frykta at språket i visse offentlege vedtak skaper ei kløft mellom forvaltning og innbyggjarar.

Eg har arbeidd som journalist i avis, radio og fjernsyn i femten år. Det spørsmålet eg har stilt flest gongar er ”Kva meiner du med det”.

Fagkompetanse kan rett og slett stå i vegen for formidlinga. Dette treng ikkje vere eit medvite val, men noko som skjer av seg sjølv.  ”Eg uttrykkje meg vanskeleg, altså er eg smart og kompetent”.

Det er som dei seier : ein er ikkje vaksen før ein torer å vere barnsleg.

Det kan vere like farleg å undervurdere, som å overvurdere innbyggjarane si kompetanse og forståing.  Folk flest er ikkje dumme. Men det er kanskje inga stor overdriving å seie at folk flest synest byråkrati generelt og offentlege dokument spesielt, både er kjedelige, tunge og treige.

Kva om nokon las det du skreiv to gongar, ikkje fordi dei ikkje forstod, men fordi det var godt skrive?

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (1975) arbeider som kommunikasjonsrådgjevar i I&M Kommunikasjon i Ålesund. Rotevatn har arbeidd som journalist, programleiar  og redaktør i ei årrekkje, i mellom anna NRK og Kanal 24. Ho er fast spaltist i fleire publikasjonar og  har vunne fleire språkprisar, mellom dei Kringkastingsprisen. Lesbloggen hennar og Byråbloggen, og føl ho på Twitter.