Forfatterarkiv: Eli Bjørhusdal

Språkleg vrakgods?

Snadd og snåld og snut og snyta. Tut og trut og strut og stryta. Nebb og tryne, rott og rane, kjeft og klove, gron og grane, munn og mule, mutt og putt, sleik og slabb og søt og sutt.

Dette er ein song om språk. Det er Ivar Aasens dikt Navne på mund, som eg her har gjeve att utan ujamn høgremarg. Aasen kunne heilt klart fleire namn for munn eg det eg kan. Bestemor mi på nitti kan òg fleire ord for munn enn meg. Og for folk som brukar munnen. – Kjeftaslit, seier ho, og slår av radioen. Berre sliting på kjeften, altså.

Me får ofte forklart at dialektord forsvinn på grunn av referenttap, altså fordi dei tinga eller fenomena som orda viser til, forsvinn. Eg er ikkje overtydd om at det er sant. Me brukar kjeften minst like mykje no som på Aasen si tid, men nyttar langt færre ord om han. Uinteressant tomprat er det òg mykje av for tida, men det er likevel få som kallar det dåmlaust kjeftaslit.

Om eg skipar til eit nytt avsnitt utan å skiple den utkropne tankerekkja, er det meir merkverdig enn om eg organiserer det nye avsnittet utan å øydeleggje det som var så utspekulert. Å skipe til og å skiple gjer både eg og andre heile tida, dag ut og dag inn. Me gjer mest ikkje anna. Såleis er dette slett ikkje ord med referenttap. Noko er likevel borte. Eg skal snart seie kva eg trur det er.

Men fyrst: Me er vel samde om at ingen ved sine fulle fem vil seie at det reint språkleg er noko gale med ord som skipe eller skiple. Lydane, bokstavane og stavingane her er like gode som alle andre lydar, bokstavar og stavingar. Men mange vil seie at orda ikkje kommuniserer så godt. Ord og språk er ressursar for både tanken og for kommunikasjon – men svært mange tradisjonelle norske ord fungerer ikkje som kommunikative ressursar i dag. Dei er ikkje nok nytta, dei har ingen symbolsk kapital.

På mange vis ser dette ut som ein motsetnad, for me veit jo at symbolsk og kulturell kapital er bygd på knappheit, me veit at det eksklusive gjev mest kapital. At tradisjonsord er lite utbreidde gjer dei likevel ikkje eksklusive. I staden vert dei ekskluderte. Å nytte markerte ord som skipe og skiple, for ikkje å snakke om snadd og snåld og snut og snyta i ein akademisk tekst eller på ein statleg nettstad, inneber risiko for negativ kapital. Det veit dei som ber slike ord, og difor er desse orda òg offer for språkbrukarane sin strenge sjølvsensur, kanskje strengare enn naudsynt. Såleis vert dei jamvel mindre nytta. Me kan nok vere mange som ergrar oss over jålete og unaudsyn bruk av framandord eller fagtermar. Likevel er det liten risiko knytt til det å bruke ord som komparere og moderator (sjølv om lesarane av denne bloggen truleg vil føretrekkje samanlikne og møteleiar), fordi dei oftast vert nytta av språkbrukarar som har respekt og legitimitet.

Jamvel om tradisjonelle dialektord skulle gjere språket vårt både meir variert og meir presist, har dei ikkje ein sjanse, trass i mangfaldretorikk og ideala om klårt språk. For det som er borte, er makta til det språket som desse orda er ein del av. At det er utviklingsmessig nødvendigheit som gjer at ord forsvinn, er kjeftaslit. Orda vert ikkje irrelevante og borte fordi me ikkje treng dei – for det gjer me kanskje, om målet er språkleg variasjon og presisjon – orda vert borte fordi språket og språkbrukarane dei tilhøyrer har mist makt og status i møtet med mektigare språk og brukarar.

Eg heiar på dei som driv språkleg risikosport, på djupvassdukkarane på veg ned til vraket.

Eli Bjørhusdal er phd-stipendiat i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho bur i Jostedalen og har bloggen Jostedalsrypa.