Forfatterarkiv: Finn Tokvam

Utfordringa er problemet

Sit du fast i bilkø i Bergen sentrum, har du ikkje eit problem. Du har støytt på ei trafikal utfordring. Står du i sjukehuskø, er du ein del av ei helsepolitisk utfordring. Mistar du jobben, har du ikkje eit problem. Du står overfor ei ny og spennande utfordring.

Snart finst det ikkje lenger problem. Det finst berre utfordringar.

Problemet er truga. Problemet blir viska vekk frå språket vårt. Problemet hamnar snart i sekken saman med neger, mongo og sigøynar.

Nedbemanning heiter omorganisering. Krig heiter fredsbevarande operasjonar. Lokalprodusert mat heiter kortreist mat. Og problemet forsvinn. Folk med problem er taparar. Kva er det som skjer?

Svartsyn og realistisk mismot har gått heilt av moten. Vi lever i den irriterande optimismens tidsalder. Her er det ikkje rom for problem. Berre utfordringar. Språket blir stadig sminka, men det ikkje alltid det verken ser eller høyrest betre ut av den grunn.

Det er noko provoserande positivt over omgrepet utfordring. Grip dagen, liksom. Problem er langt betre. Problem er lettare å forholde seg til. Problem er noko konkret som vi kan sukke over og motvillig prøve å bli kvitt.

”Restskatt. No har eg eit kjempeproblem. Staten syg.”

Ta vare på problemet, elles sit du snart med fanget fullt av utfordringar. Hugs at du kan tykkje synd i deg sjølv når du har problem. Du kan søkje trøyst, og du kan distansere deg frå det. Det kan du ikkje når du står overfor ei utfordring. Utfordringar høyrest ut som noko ein skal glede seg til å ta tak i. Særleg når det snakk om spennande utfordringar. Folk som snakkar om spennande utfordringar, sjølv kor mørk situasjonen måtte vere, er dei verste. Dei er minst like provoserande som folk som har gått på Steinerskulen, der dei går kring og ser mulegheiter i alt elende.

”Heisann! Restskatt! Her har vi ei spennande privatøkonomisk utfordring.”

Det blir sagt at problemet ikkje forsvinn sjølv om vi ikkje snakkar om det. Like sikkert er det vel at problemet ikkje forsvinn sjølv om vi kallar det ei utfordring. Store eller små, problema ligg der uansett, med eller utan språksminke.

Dei einaste som inntil vidare får ha problema sine i fred, er alkoholikarane. Ei stund til får dei sitje uforstyrra med sekstiflaska og suge på alkoholproblemet sitt. Men dei skal ikkje kjenne seg for trygge. Når som helst dukkar det opp ein velmeinande, positiv og politisk korrekt Einar Gelius-type som hevdar at dei har ei alkoholutfordring. Berre vent. Geliusane skal berre gjere Gud kjønnslaus først, så er dei klare for nye spennande utfordringar.

Eg støttar noko ein desillusjonert organist sa ei sein kveldsstund:
Det finst ikkje utfordringar – berre problem.

Finn Tokvam, forfattar, artist og programmedarbeidar, er blitt ei original røyst i norsk journalistikk og underhaldning. Han har vore med på å lage og er programleiar for NRK-programma P.i.l.s. (Populærmusikk ispedd litt sladder) og Radio Røynda. Han er medforfattar av romanen Tyl, og han hadde ei av hovudrollene i oppsetjinga av Vestlandsrevyen. Dette innlegget stod på trykk i Magasinet til Bergens Tidende den 21. november i år.