Forfatterarkiv: Gunnar O. Hæreid

Lir du av «i forhold til»-sjuka?

Lir du av «i forhold til»-sjuka? Vel, du er ikkje åleine. Politikarar, børsmeklarar, næringslivspampar, byråkrattoppar, advokatar, dommarar og andre som burde vita betre, har fått det føre seg at «i forhold til» kan erstatta dei fleste, om ikkje alle, preposisjonar eller adverb.

Språkfeilen spreier seg som ein epidemi, frå dei høgt utdanna i hovudstaden og utover landet. Trass i at mange av misbrukarane dagleg les Aftenposten og Dagens Næringsliv, gjer ikkje visdomsord, åtvaringar og uthengingar frå profilerte skribentar som Per Egil Hegge og Kjetil Alstadheim nemneverdig inntrykk på forholdistane.

I retten presterer advokatar å nytta uttrykket opp til tre gonger i same setning. Eg har spurt meg kva som er gale med «på», «i», «med», «til», «gjennom», «mellom», «trass i», «om», «overfor», «fordi», «i samband med» eller «med tanke på». Eg tykkjer ikkje dette er så vanskelege ord at me ikkje kan halda fram med å bruka dei. Kanskje dei er for enkle for godt utdanna folk?

«Vi betviler ikke noen av de forholdene som har blitt lagt frem i forhold til sikkerhetsbehov som er i forhold til den amerikanske ambassaden», er det protokollert at han som no er andre nestleiar i Venstre og byråd for miljø og samferdsel, sa i ein bystyredebatt i Oslo. Kommentar er vel overflødig.

«Oppsummering i forhold til de fire hovedhensynene» er ei kapitteloverskrift som går att mange gonger i utgreiinga frå det såkalla klagesaksutvalet, NOU 2010:12. Utvalet meinte vel oppsummering av, opp mot eller ut fra?

«Den som reiser saken, må påvise et reelt behov for å få kravet avgjort i forhold til saksøkte» heiter det i tvistelova § 1-3. Lovgjevaren ønskte vel å seia mot eller kanskje overfor den saksøkte?

«Reelt sett står dommer A og B like fritt i forhold til det spørsmål Høyesterett skal prøve som Høyesteretts øvrige dommere», skriv høgsterettsjustitiarius i avgjerda i Rt-2010-939. Han prøvde vel å seia at dei stod fritt i spørsmålet?

«… av de tingene du nevner, vil jeg nok si at det å ta grep i forhold til påvirkningen fra engelsk er det som står øverst på programmet», skreiv den nye språkdirektøren i ein nettprat rett etter at han vart tilsett. Sjølvaste språkdirektøren har vel til oppgåve å ta grep mot påverkinga?

Døma er mange. Men dette bør ikkje vera så vanskeleg. I grunnskulen har dei fleste lært at «i forhold til» tyder «samanlikna med». Dersom ein ikkje kan byta ut «i forhold til» med «samanlikna med» utan å endra meiningsinnhaldet, bør ein finna eit anna ord. Dei 337 medlemmene i fjesbok-gruppa «I forhold til skal KUN brukes til sammenligning!» har i alle fall skjønt det.

Burde ikkje også språkdirektøren, Høgsterett og politikarane snart skjøna det? Sjølv dei høge damer og herrar er ikkje heva over god språkbruk.

Gunnar O. Hæreid er assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane og leiar i Juristmållaget. Han har tidlegare arbeidd som advokat hjå Regjeringsadvokaten.