Forfatterarkiv: Jan Olav Fretland

I forhold til at i forhold til …

Noko av det mest fasinerande med den offentlege språkbruken er evna til utviding. Det ligg eit sterkt behov hjå mange for å unngå at teksten blir for kort. Ein må liksom syna at ein er verd lønna si, eller er det kanskje tittelen som skal forsvarast? Me har i årevis smilt av på dåverande tidspunkt for , eller vera heimehøyrande i om å bu iog liknande svulmande uttrykk. Eg har siste fire-fem åra begynt å hengja meg opp i uttrykket i forhold til eller i høve til. Her vraltar ei ny padde inn i språket, og fortare enn padder flest. (Eg veit ikkje eigentleg om ei padde vraltar, men det passa så godt her.) Før var det greitt å skriva eller seia Me må arbeida meir med denne saka. Det blir for tamt i den nye tida. No må me arbeida meir i forhold til denne saka. Heile uttrykket kan altså bytast ut med tre bokstavar, med, verre er det ikkje. Ja, somme gonger kan ein komma ned på éin bokstav: Vi vil ikkje gjera fleire undersøkingar i forhold til denne sakatyder jo eigentleg berre i denne saka.

Når ein, som eg, er særleg oppteken av slike språktrekk, blir det til tider vanskeleg å få med seg innhaldet i nyheitene på grunn av alle forholda. I ein rapport til Kunnskapsdepartementet fann eg 14 i forhold til på ei side. Då blir det ikkje plass til så mykje meir. Den verste varianten fekk eg hjå ein kollega her om dagen. Det var ein assistent i barnehagen som var flink i forhold til små barn. Ja, det skulle berre mangla!

No om dagen høyrer eg korleis dei lokale politikarane har lært seg det nye, fine uttrykket. Sogneordførarane uttalar seg i forhold til media, ikkje til media, som dei sa i fjor. Og det tyt fram, oppatt og oppatt. At dei ikkje høyrer det sjølve.

Somme som skriv nynorsk, likar ikkje forhold, så då skriv dei i høve til i staden. Det blir i grunnen ikkje mykje betre språk av den grunn. Det blir verken god meining eller god nynorsk når me må skrella av så mange ord. Eller kva seier du om denne: Rådmannen uttalte i forhold til pressa at ein no imidlertid må be den enkelte part i forhold til saka å avstå frå ytterlegare sakshandsaming.

Jan Olav Fretland er frå Lærdal i Sogn og har mellom anna vore leiar i Norsk språkråd og i Noregs Mållag. Han arbeider no ver lærarutdanninga i Sogndal.
Foto: NRK Sogn og Fjordane