Forfatterarkiv: Johan Brox

Tunge og lette namn

Ein forbløffande stor del av journalistkvardagen min går ut på å ringje ulike departement for å få kommentarar eller fakta frå dei, gjerne sekunda før dødlina. Frå min ståstad er departementa nokså like: Dei har ein travel statsråd, ei ung, tenestevillig infoavdeling og eit knippe statssekretærar ein kan prate med om det verkeleg hastar. Men i det siste har eg merka at det er eit strengt hierarki mellom dei, som kan lesast ut frå sjølve departementsnamnet.

Gruppe éin kan vi kalle «autoritetsdepartementa». Dei har korte namn og udiskutabelt truverde. Det finst to typar: «tradisjonsdepartementa», som har ei historie tett knytt til skipinga av den norske staten, som Finansdepartementet (1814) og Utanriksdepartementet (1905). Dei får gjerne ein machiavelliansk minister og har mykje større gjennomslag internt enn det budsjetta deira skulle tyde på. Den andre typen, «sluggerdepartementa», har kortare historie (velferdsstatens avkom som dei er), men får styrke av å aksle dei desidert største pengesekkene. Døme: Arbeidsdepartementet (331 milliardar kroner, eller 30 prosent av statsbudsjettet) og Helse- og omsorgsdepartementet (134 milliardar, 12 prosent av budsjettet). Dei er dagleg utsette for hylande interessegrupper og tilhøyrande pressekorps. Misnøgde Nav-brukarar og feilbehandla pasientar ligg som minefelt under departementet. For å fungere bør dei ha ein tettbygd Ap-statsråd med arbeidarklassebakgrunn som ikkje vert sliten ut så lett.

Så kjem vi til  Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Dei har ikkje ei ærerik, konstitusjonell historie, men er snarare utslag av det politiske moteprosjektet til den sitjande regjeringa (IT for Bondevik-regjeringa, likestilling for dei raudgrøne). Departementa forvaltar berre småpengar i det store biletet, og dei tilsette tener dårlegast i regjeringa (to lønstrinn lågare for Barne-,  likestilling og inkludering, ein kvinnerik arbeidsplass). Namna røper sitt: Alle orda skulle verkeleg med. Tenk om ein brukte same logikk på autoritetsdepartementa? Då ville vi fått «Penge-, betalingsmiddel- og finansdepartementet» og «Diplomati-, handhelsing- og flymatdepartementet».

Johan Brox er journalist i Klassekampen. Innlegget stod på trykk i Klassekampen den 20. april 2011.