Forfatterarkiv: Sylfest Lomheim

Det e itjnå som kjem tå sæ sjøl

Det er nesten for godt til å vera sant. For tjue år sidan ville eg ikkje ha trudd at noko slikt kunne henda. At ein forvaltningsdirektør og ein språkdirektør skriv på same nettstaden om kor viktig det er med godt språk i staten. Men her skjer det – me to «bloggar» om språk, side om side.

Det gjer meg optimistisk. For når så mykje har skjedd på kort tid – eg tenkjer på det nyetablerte samarbeidet mellom Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT – så kan naturlegvis mykje meir skje på ti år. Men like sjølvsagt er det at det er «itjnå som kjem tå sæ sjøl», som det heitte i ein song for tretti år sidan.

Historia viser at det er råd å gjera det offentlege språket betre. For det var verre før. Då var både ansøkning, opptagelse, bekjentgjørelse, skrivelse, beskjeftigelse, beskikkelse, landsforræderi gangbare ord.  I dag skriv me i staden søknad, opptak, kunngjøring, skriv, sysselsetting, utnevning, landssvik – utan å blunka. Me gløymer lett at dette er menneskeverk. Ord kjem i bruk fordi nokon tek dei i bruk. Men berre når bjøllesauene i ordutviklinga har god språksans, blir det godt språk. Dei som føretrekkjer dei nyare orda ovanfor, bør senda ein takkens tanke til dei offentlege språkbrukarane som først tok dei i bruk.

Truleg har samlivet mellom bokmål og nynorsk vore til gagn for det offentlege språket. Sjå etter neste gong du tek drosje i hovudstaden. Det finst ingen der som har bevillinglenger, skal me tru kvitteringane dei gir oss. Alle forkynner at dei har løyve. Norskare, kortare, lettare.

Vil me ha høgare språkleg kvalitet i det offentlege, må mange nok gå i førevegen. Dei som driv dette prosjektet for klart og godt språk i staten, stiller verktøy og oppskrifter til disposisjon. Me ønskjer mest mogeleg bruk. Eg ønskjer oss alle lykke til!

Sylfest Lomheim er direktør for Språkrådet.