Forfatterarkiv: Tove Eivindsen

VM i forkortingar

Om det er ein ting organisasjonar har til felles, så er det tendensen til å utvikle ”stammespråk”. Eller mikrososiolektar, om ein vil. Vi lagar vår eigen måte å prate på, med eigne ord, uttrykk og vendingar. Og vi lagar forkortingar. Dei hersens forkortingane.

“ÅDT på min. 250″

Forkortingar ser ut til å følgje meg som ei mare. Då eg starta å jobbe i Statens vegvesen (eg jobba der før eg kom til NTNU Vitenskapsmuseet) for nokre år tilbake, var noko av det vanskelegaste alle forkortingane etaten brukar.

Det tok lang tid før eg fekk oversikt nok til at eg kunne forstå samanhengane. Og det trur eg gjeld mange som møter etatar eller forskarar som strør rundt seg med fagtermar og forkortingar. Derfor er det så viktig at fagfolka “omset” for oss vanlege dødelege.

Også eg forstår nemleg at det kan vere fornuftig at det må vere ein viss gjennomsnittstrafikk på ein veg før ein legg asfalt.

Men når nokon fortalde meg at ”SVV krever ÅDT på min. 250 for fastdekke”, då var eg like vis.

Skapte vi eit monster?

Faktisk var forkortingsiveren så stor i Vegvesenet at vi lagde revynummer av det. (Ja, for det er faktisk mange folk med humor i vegetaten, for dei som skulle tru noko anna.) Der lanserte vi omgrepet TBF: Trebokstavforkortelse. Er det ikkje forkorta til tre bokstavar, så er det ikkje god Vegvesen-terminologi.

For litt sidan oppdaga eg til min skrekk at ein av direktørane i Vegdirektoratet brukte “TBF” i ein tweet. Eg vonar inderleg det var ironisk meint. Om ikkje, så har vi skapt eit monster.

Fehovud?

Ei småartig forkortingsoppleving eg har, er frå tidleg 2000-tal. Då var eg så heldig å få vere med å starte rockeklubb og festival i Ørsta. Då måtte vi sjølvsagt organisere oss i Norsk Rockforbund, NRF.

Ein av styremedlemene var medlem i NRF frå før. Han var nemleg revmatikar og medlem av Norsk revmatikerforening – også NRF.

Eit raskt og overflatisk Googlesøk fortel meg at NRF også er forkortinga for så ulike organisasjonar som Norske Rørgrossisters Forening, Norsk Radiografforbund, Norsk Religionshistorisk Forening, The NATO Response Force, Norges Rytterforbund, Nedre Romerike flyklubb, Norges Rugbyforbund og Norsk religionspsykologisk fagforum.

Men det var ingen av dei folk tenkte på når vi snakka om NRF. Dei trudde vi snakka om Norsk Rødt Fe.

Derfor stussa folk veldig når vi stolt erklærte at vi hadde organisert klubben vår i NRF – sidan det passa folk med våre interesser…

VM i Trondheim

Her på NTNU Vitenskapsmuseet har vi også forkortingar. Ein av dei er ”VM”, som skal bety Vitenskapsmuseet.

Eg prøvar å få forklart at ”VM i Trondheim” gir heilt andre assosiasjonar enn ”Vitenskapsmuseet i Trondheim”. Høyrer eg ”VM i Trondheim”, forventar eg folkefest i Granåsen og folk med stål i bein og armar, samt kondomdress.

Eg synes vi skal vere stolte av namnet vårt og bruke det heilt ut. Eg håper også andre vil bruke rett namn på oss. Ikkje berre unngår ein misforståingar, men ein byggjer attkjenning. Og det er viktig, det veit alle som syslar litt med omdømmetenking.

Derfor seier eg ”NTNU Vitenskapsmuseet”. Skal eg forkorte, strekkjer eg meg til ”Vitenskapsmuseet”.

Men ikkje VM. Aldri VM. Eg kler nemleg ikkje trikot.

Tove Eivindsen er informasjonskoordinator ved NTNU Vitenskapsmuseet. Ho har mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing, med historie, journalistikk og kulturarbeid i botnen. Ho har jobba som kommunikasjonsrådgjevar i m.a. Møre og Romsdal fylke og Statens vegvesen, og ho er aktiv i Norsk Kommunikasjonsforening i Trøndelag. Tove Eivindsen har eit bankende hjarte for forskingskommunikasjon, kunnskapsdeling, tilgjengelegheit på nett og godt språk – uansett målform. Følg Tove på Twitter: @thetove