Kategoriarkiv: aktiv og passiv

For mykje passivitet i fehuset!

Visste du at det mellom dei tallause båsane i det Aasmund Olavsson Vinje skjemtande kalla «statens store fehus», finst ein som heiter Spesialenheten for grov uforstand i tjenesten?

Eg visste det iallfall ikkje. Ikkje før eg las siste nummeret av Statsspråk, det eine av dei to framifrå blada Språkrådet gjev ut for å rettleia statstilsette og oss alle om godt språk (det andre heiter Språknytt). Bladstyraren hadde finlese Dagsavisen og kome over eit oppslag om eit eller anna som ikkje var som det skulle i politiet. Den jamt over velskrivne avisa (det skal dei ha) hadde nok ikkje hatt ein heilt god dag. Elles hadde dei  neppe sett dette på prent: Politidistriktet etterforskes av Spesialenheten for grov uforstand i tjenesten [...]. Og Statsspråk tillèt seg denne kommentaren: «De uforstandige har endelig fått ansvar og oppgaver! Er det dette som kalles ’inkluderende arbeidsliv’?»

Ikkje veit eg.

Men dette veit eg: Når eg held kurs i bokmål eller nynorsk for tilsette i det offentlege (det private næringslivet har eg ikkje greidd å få hol på), tek vi gjerne utgangspunkt i døme på dårleg norsk som kan vera langt verre enn det frå Dagsavisen. Døma har eg funne i statlege og kommunale tekster av ymse slag, og målet er å smi dei om til akseptabel norsk. Oftare enn godt er, kanskje, stiller eg kursdeltakarane dette spørsmålet: Kva kan grunnen vera til at ein intelligent og velutdanna offentleg tilsett har sleppt frå seg ei tekst med feil som dette? Grunnane kan vera mange, men denne går ofte att: den inngrodde trongen til å bruka passive verbalformer på bokmål.

Så òg i dømet frå Dagsavisen. Hadde journalisten valt aktiv verbalform, hadde orda hans eller hennar falle på plass utan å skapa den utilsikta språklege komikken:Spesialenheten etterforsker politidistriktet for grov uforstand i tjenesten.

Påstand: Hadde journalisten hatt ei viss peiling på korleis vi lagar setningar på nynorsk i samsvar med utilgjord norsk tale, hadde han eller ho aldri hamna i dette uføret.

Var det frekt sagt av ein nynorsking? Sei kva du synest!

Ola I. Breivega er filolog og målmann. Han har vore universitetslektor, rektor, frilans språkkonsulent og seniorrådgjevar i Språkrådet. Han er no pensjonist, men driv konsulentfirmaet Samråd.