Kategoriarkiv: spørjeord

Kva for slags type bodskap vil du ha fram?

Eg forskar m.a. på spørjeord og -uttrykk. (Kva for noko?! Korleis går det an å forska på slikt?! Kven har nytte av det?!) Det har gitt meg ein del interessante opplevingar. No skal det seiast at ein nok må ha ein relativt sær intellektuell orientering for å bli like begeistra av mange av desse opplevingane, men nokre av dei kan vera kjelde til refleksjon også ut over snevre grammatiske krinsar.

Og ein overordna innsikt er den at ein del spørjeord og -uttrykk er svært lite veloppdragne. Dei oppfører seg til dels på ein annan måte enn ein kanskje skulle tru. Nokre vil sikkert seia at det er språkbrukarane som ikkje brukar orda rett, men eg vel no å leggja skulda på orda sjølve. Dei rakkarane! Ta til dømes uttrykket hva slags. Ein skulle kanskje tru at det blei brukt når ein spør etter ein type, eit slag, av noko. Men det er slett ikkje alltid tilfelle i norsk. Sjå for eksempel på desse døma som er henta frå ulike nettsider.

Kva slags år gjekk du på Eid da??
luksusproblemet mitt no er å velje kva slags bok eg skal begynne på av dei fire skattane eg lånte med meg
Her skal du skrive hva slags kjendis som er din favoritt, og så får vi se hva kjendis som er best.
hva slags dato og klokkeslett kommer videoene?

I desse døma spør ikkje kva/hva slags etter ein type av noko, men heller eit eksemplar av noko. Det burde uttrykket ha halde seg for godt til! Det oppfører seg som det var hvilken, for hvilken (i bokmål) har nettopp det som oppgåve her i livet, å spørja etter eit eksemplar.

Men vent no litt. Høyr på dette. Går vi om lag tusen år tilbake, til gammalnorsk og til dei gamle germanske språka, var det som er opphavet til hvilken (og whichwelcherwelkosv. i dei germanske skyldspråka) ord som faktisk spurde etter typar og slett ikkje eksemplar. Opphavet til ordet er ei form av kva og substantivet lik, som ein gong tydde omtrent ‘form, kropp’, så med andre ord – ja, nettopp! – kva slags. Den same utviklinga har funne stad i dei romanske språka der latinens qualis kunne spørja etter typar medan etterkommarane cualquale og quel i spansk, italiensk og fransk no etterspør eksemplar og slett ikkje typar. Det er altså eit mønster her. Det ser ut til å finnast ein dynamikk der spørjeuttrykk for type etter kvart utviklar seg til spørjeuttrykk for eksemplar.

Kva skjer så? Jau, uttrykket kan finna på å alliera seg med eit ekstra typeord som t.d.type. Her er nokre døme på det, igjen henta frå nettet.

Hva slags type bleier skal dere bruke?
Er det noen som vet hva slags type batteri dette er?
Kva slags type materiale kan eg lasta opp?
Før du avgjer kva slags type presentasjon du vil lage, må du vite kva slags utstyr du kan disponere.

Overflødig med “type” her, kan du nok meina, og det skal du få lov til. Det skal Språkrådet også få lov til, viss dei føler for det. Ikkje det at dei kjem til å spørja meg om lov, men eg ville no berre ha sagt det. Men det er eit faktum at denne “type-forsterkinga” finst der ute.

Og interessant nok skil norsk seg her frå dansk og svensk. Sist eg sjekka, googla eg fram hundrevis av eksempel på type-forsterking i norske tekstar, men berre ein handfull i danske og svenske tekstar. Det kan anten tyda på at danskar og svenskar har betre kustus på spørjeorda sine eller det kan rett og slett reflektera ein reell skilnad, nemleg at i norsk har type-lesinga av kva/hva slags bleikna og type-forsterkinga komme som ein konsekvens av det. Med andre ord: På norsk er type-forsterking ikkje eigentleg overflødig. Det er ei klargjering som derimot ikkje er naudsynt i dansk og svensk fordi hvad for (en) slags og vad för slags/sorts ikkje er mindre målretta i si etterspørjing av typar.

Eit alternativ er sjølvsagt å røkta spørjeorda. Innprenta språkbrukarane å ha litt meir kustus: “Kva/hva slags får ikkje lov til å etterspørja eksemplar!” Og så kan ein i neste omgang seia: “Typekva/hva slags type er overflødig!”. Jau, versågod!

Så kva er så bodskapen i dette stykket? Jau, eg ville i grunnen berre ha sagt at det finst mekanismar og prosessar i språket som skapar dynamikk og utvikling. Som grammatikar bør ein vera interessert i å forstå desse, og som språkbrukar kan det vera bra å frå tid til annan få høyra at slik dynamikk og utvikling ikkje nødvendigvis fører til katastrofe. Det går an å senka skuldrane, roa seg litt ned og tenkja at kjelda til klart språk ikkje har så mykje med grammatikk å gjera.

Øystein A. Vangsnes er forskar ved Center for Advanced Study in Theoretical Linguistics, Universitetet i Tromsø. Han bloggar også om språk og språkvitskap på forskning.no, sjå http://www.forskning.no/blog/vangsnes.