Kategoriarkiv: språkrøkt

Høg utdanning, slapt språk

Samfunnet masseproduserer akademikarar og kompetent arbeidskraft. Vel og bra. Men kva med litt språkrøkt i utdanningsinstitusjonane?

Ta jussen som eit døme. Det er eit fag som mellom anna skal seie oss kva som er rett, og kva som er gale. Korleis lover og føresegner skal tolkast. Kva som er utfallet av ei vanskeleg sak eller ei viktig avgjerd.

Juss utan retorikk
Dei retoriske grunnreglane om å argumentere sakleg, men overtydande og truverdig er ikkje det som spring oss i augo når juristar talar. Somme forsvarsadvokatar er unnataket.

Bodskapen til juristane er tvitydig. Ordvalet er mest berre for dei innvigde. Setningane tek aldri slutt.

Eller kva med alle samfunnsvitarane som vi omgjev oss med? Flinke fagfolk med innsikt i politikk og organisasjonar, det er sikkert. Men heller ikkje her står den gode formuleringa og dei overtydande resonnementa fram som eit høgare mål.

Desse akademiske disiplinane lener seg på ein lang retorisk tradisjon. I tillegg har moderne vitskap gjeve oss mykje kunnskap om kommunikasjon, bodskap og psykologi. Til saman ein god basis for å formulere seg godt, enkelt og korrekt.

God språkføring eit akademisk ideal?
Likevel er det vanskeleg bli overtydd om at god språkføring blir sett på og dyrka som ein styrke og eit ideal for dei ulike faga.

Eg blei difor oppglødd då eg las dette blogginnlegget frå informasjonsrådgjevar og språkrøktar Anne Gro Fredheim hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane nyleg. Ho fortel at dei språktestar nytilsette. God fagkunnskap er ikkje alt, er bodskapen.

Sjølv om ikkje tilsetjingane blir avgjorde på bakgrunn av språktesten, ligg det eit viktig signal her. Som tilsett i statsforvaltninga skal du føre pennen din godt.

Produserer mykje ord
Eg er viss på at det er mange førelesarar på universitet og høgskular som gler seg over velskrivne oppgåver. Det er jo mange ord som skal leverast, sjølv i dei praktisk innretta faga.

Men blir dei gode skriftlege framstillingane dregne fram som døme på kva godt språk i forvaltning, næringsliv og akademia kan vere? Blir studentane introduserte for George Orwells klassiske essay frå 1946 om politikk og det engelske språket? Der finn vi dei mest grunnleggjande språkråda.

Får jusstudentane høyre at justisminister Jens Haugland allereie i 1959 sende eit rundskriv til alle tilsette i sitt eige departementet?

«Lett og frisk» i stilen
I rundskrivet heitte det at departementet i alle brev og trykksaker burde skrive eit enkelt, naturleg og folkeleg språk. Stilen skulle vere lett og frisk, framandorda sjeldne og setningane korte. Det skulle gjelde i lovspråket òg.

Haugland, som seinare blei kjend for sitt klare språk i dagboka frå kongens bord, ville òg ha ein meir personleg tone i breva. Han meinte det ikkje ville skade om ein embets- eller tenestemann skreiv Helsing eller Med helsing  til slutt.

Snart held alle departement og statlege etatar seg med språkrøkt i ei eller anna form. Truleg vil fleire følgje dømet frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og språkteste aktuelle kandidatar.

Har dei som utdannar dei framtidige byråkratane, teke dette inn over seg?


Agnar Kaarbø er talekoordinator i Kommunal- og regionaldepartementet. Han er tidlegare kommunikasjonsdirektør i Utlendingsdirektoratet og mangeårige journalist.